Status Norbusang 2022

Vi er veldig glade for at ditt kor har meldt seg på, og vi håpar på å kunne gjennomføre Norbusangfestival  25.–29. mai 2022.

I går, 19. januar, hadde planleggingskommiteen møte for å gjere opp status, med tanke på påmelding og pandemi. Det er påmeldte kor frå alle 5 nordiske land, og det er nå omlag 430 påmeldte, i tillegg til vertskora. Vi meiner det kan bli ein strålande festival med ditt kor og dei andre påmeldte, og tenkjer ikkje å opne for etter-påmeldingar. Vi vil nå sjå om vi kan lage ein plan for korleis vi praktisk og økonomisk gjennomfører med dei kora som er påmeldt.

Pandemien valdar oss meir utfordringar. Nett nå har vi reglar om at det ikkje kan vere meir enn 20 deltakarar på arrangement og korøvingar. Og maksimalt 200 på konsert, dersom ein held meter avstand osv. Statsministeren i Noreg har nyleg uttala at det ikkje skal vere begrensande smitteverntiltak ein dag lengre enn det som er nødvendig, kulturministeren har varsla at det skal komme lettingar for kulturfeltet allereie denne veka, og vi håpar at det skal komme store lettingar i restriksjonane – og at pandemien er på rask retur, slik at vi kan gjennomføre 25.–29. mai.

I oktober og november var reglane slik i Noreg, at det låg til rette for festivalar og andre store arrangement. Det sette omikron ein stopp for. Vi ser det kjem positive signal frå Sør-Afrika, Storbritannia og Danmark, om at omikronbølgja kan vere kortvarig. Så vi freistar å bevare optimismen. Det vi sjølvsagt ikkje veit, er kva nye greske bokstavar vi skal bli kjent med. Vår plan vidare nå er slik:

7.–11. februar vil vi kontakte alle påmeldte kor, og be om svar på dette spørsmålet:

Dersom vi kan gjennomføre Norbusangfestival 25.–29. mai, kor mange deltakarar vil være med frå ditt kor? Og er det nokon kritisk dato for når de må ta besluttning mtp. booking av reis?

12. februar skal det vere nettmøte i Norbusangrådet, der spørsmålet er om vi kan gjennomføre voluntørkurs på Inderøy for nordiske voluntørar, samtidig med rådsmøte i Norbusangrådet, og vurdere ny plan for arrangementet.
16. februar held planleggingskommiteen møte.
18.–20. mars held landsstyret i Ung kirkesang møte.

Eg ynskjer alle eit godt nytt betre kor-år, og vonar at vi møtest på Inderøy 25.–29. mai!

Mvh Nils Hidle
Generalsekretær i Ung kirkesang

Related posts